Hugs søknadsfristen 15. oktober
Søknader om produksjonstilskot og avløysartilskot må leverast innan fristen. Dersom du leverer søknaden etter fristen, blir utbetalinga redusert med 1 000 kroner for kvar dag over fristen.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Publisert 14.10.2020
Søkjar kan endre opplysningane i søknaden inntil 14 dagar etter at søknadsfristen har gått ut. Det betyr at opplysningane kan endrast til og med 29. oktober.
Søknaden kan leverast inntil 14 dagar etter søknadsfristen er gått ut, men då blir utbetalinga redusert med 1 000 kroner for kvar dag dag over fristen. Etter 29. oktober er det ikkje mogleg å sende inn søknad.