Søknad om produksjons- og avløysartilskot 2018 – endra praktisering av søknadsfristen
Fristen for å søkje produksjons- og avløysartilskot er forlenga fram til og med 29. oktober 2018. Dette gjeld også dei som var for seint ute med søknad innan fristen 15. mars, då det i år er opna for at dei no kan levere søknad innan 29. oktober.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Landbruks- og matdepartementet har bestemt at dei skal sjå på praktiseringa av søknadsfristane for søknad om produksjonstilskot frå 2019. Før eventuelle endringar, har LMD bedt Landbruksdirektoratet praktisere søknadsfristane i 2018 meir fleksibelt.
Kort oppsummert
Praktisering når det gjeld del 2 av søknaden for 2018:
- Føretak kan levere del 2 av søknaden elektronisk eller ved papirskjema innan 29. oktober 2018
Praktisering når det gjeld del 1 av søknaden for 2018:
- Føretak som ikkje leverte del 1 av søknaden innan fristen, kan no levere denne fram til 29. oktober, søknaden må leverast på papirskjema
- Føretak som har levert del 1 innan fristen, kan leggje til eller endre opplysningar fram til 29. oktober, papirskjema må nyttast
For meir informasjon, sjå nettsidene til Landbruksdirektoratet og rundskriv 2018-42.