Nettverkssamling i Rogaland
Landbruksdirektoratet inviterte til samling for dei som arbeider med jord- og konsesjonslovgivinga hjå Statsforvaltarane. Samlinga var lagt til Rogaland 16.-17.04, og me fekk gleda av å vera vertskap og syne fram problemstillingar og det aktive landbruket i fylket vårt.
Dei fleste fylka var representert, og det var også fleire deltakande frå Seksjon for Arealforvaltning i Landbruksdirektoratet og seksjon for Eigedom og busetnadspolitikk i Landbruks- og matdepartementet.
Tema for samlinga var naturleg nok ulike problemstillingar og utfordringar knytt til sektorlovgivinga i landbruket, nemleg jord- og konsesjonslovgivinga, så som buplikt, eigarstruktur, priskontroll, leigeavtaler, oppfølging av vilkår og sanksjonar. Det blei gode diskusjonar og gjennomgang av praksis, og ikkje minst viktig var det å knyte kontaktar og ha erfaringsutveksling mellom embeta.
Siste del av denne to-dagars samlinga var me på synfaring på Jæren. Her fekk dei besøkande sjå driftige bønder i fylket vårt godt i gang med årets sesong. Me var på to gardsbesøk. Det var Statsforvaltaren i Rogaland som var ansvarleg for synfaringa og denne del av programmet, og me fekk orientert om arealpresset i vår region, døme på konsesjonssaker me har hatt, tilleggsnæringar mv.
Alt i alt ei vellukka samling og me set pris på å få vise fram døme frå fylket vårt til overordna mynde og kollegar elles i landet!