Bøtlagd for ulovleg avfallsanlegg i Klepp

Avfallsselskapet Eltervåg blei i 2014 meldt til politiet av Fylkesmannen for ulovleg drift av anlegget på Øksnevad i Klepp kommune. Nå er både verksemda og dagleg leiar bøtlagde av politiet.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 20.10.2017

Det blei lagra avfall i store mengder utandørs. På eigedomen blei det mellom anna lagra elektrisk og elektronisk avfall (EE-avfall), motordelar, farleg avfall som malingsrestar og trykkimpregnert trevirke.

Fylkesmannen vurderte at dette var konsekvensane:

  • Avrenning frå avfall som er lagra kan siva ned i grunnen.
  • Lagra avfall var forsøplande og skjemmande.
  • Uvedkommande, også barn, hadde tilgang til farlege stoff.

Dreiv utan nødvendig løyve

For å driva eit avfallsanlegg må ein ha løyve etter §29 i forureiningslova. Området må i tillegg oppfylla bestemte krav for handtering av avfall. Avfall må ikkje lagrast slik at det er fare for forureining, jf §7 i forureiningslova. Eltervåg hadde ikkje søkt Fylkesmannen om utsleppsløyve for avfallsanlegg på denne eigedomen i Klepp kommune.

Området var ikkje inngjerda, det var heller ikkje vekt, sorteringshall og fast dekke, som er krav til bransjen. Fylkesmannen har rekna ut at det er spart kostnader på omkring 2,4 millionar kroner. I tillegg har Eltervåg tent pengar på mottaket av avfall. Sparte kostnader og pengar som er tente på ulovleg verksemd gjev grunnlag for utrekning av inndragning.

I søkelyset fleire gonger tidlegare

Eltervåg blei i 2014 også meldt til politiet av Arbeidstilsynet for brot på kjøre- og kviletidsreglane i perioden 1. januar 2013 til 31. august 2014. Fleire sjåførar jobba i tillegg mange timar overtid utan overtidsbetaling.

For dei ulovlege forholda knytt til drifta på Øksnevad er Eltervåg Transport AS ilagt ei bot på 150 000 kroner og ei inndragning på 200 000 kroner. Dagleg leiar, som også er styreleiar, har fått ei bot på 25 000 kroner.

Saken er nå avslutta etter at forelegget blei vedtatt.

Eltervåg har tidlegare hatt avfallsverksemd i Stavanger kommune. Verksemda hadde då løyve, men gjennom fleire år var det gjentatte brot på dette. Fylkesmannen varsla mange gonger tvangsmulkt for å få gjennomført opprydding.

Kontaktpersonar

  • Marit Sundsvik Bendixen, Fylkesmannen i Rogaland, tlf. 51 56 89 36.
  • Tor- Arvid Bruskeland, Sør-Vest politidistrikt, tlf: 51 89 90 00.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.