Løyve etter forureiningslova til utfylling og peling i sjø ved Gunnarshaug
Fylkesmannen har etter søknad gitt Marine Aluminium Industrier AS løyve til utfylling og peling i sjø for to nye industrikaier ved Gunnarshaug i Karmøy kommune.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Det er gitt to løyve til arbeid med etablering av to nye industrikaier, kai 1 og kai II, ved Gunnarshaug. Løyve til kai I gjeld utfylling med ca. 28 765 m3 og ramming av totalt 25 stålrøyrspelar. For kai II er det gitt løyve til ramming av totalt 45 stålrøyrspelar. I løyve er det blant anna sett krav om mildande tiltak for å hindra partikkelspreiing og tidsavgrensing av omsyn til torsk i gyteperioden.
Vedtaka kan klagast på til Miljødirektoratet innan fire veker frå kunngjeringstidspunkt. Ei eventuell, grunngjeven klage skal rettast til Miljødirektoratet og sendast til Fylkesmannen i Rogaland, postboks 59, 4001 Stavanger eller fmropost@fylkesmannen.no.
Sjå løyve i vedlegga til denne nettsaka.