Avslag på søknad om utfylling i sjø ved Skallstøperitomta
Fylkesmannen har avslått søknaden frå Fjordbris AS om utfylling i Jørpelandsvågen i Strand. Tiltaket som omsøkt, gir stor fare for spreiing av forureina sediment.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
På grunn av tiltakets uakseptable verknader på miljøet, har Fylkesmannen avslått søknad frå Fjordbris AS om løyve etter forureiningslova/forureiningsforskrifta til utfylling i sjø på gnr.49 bnr.652/712 Jørpelandsvågen i Strand kommune.
Tiltaket som omsøkt, gir stor fare for spreiing av forureina sediment og direkte tap av nasjonalt og regionalt viktige ålegrasenger av stor betyding for biologisk mangfald generelt, inkludert oppvekstområde for bl.a. kysttorsk.
Vedtaket kan påklagast av part med rettsleg klageinteresse jf §28 forvaltingslova, til Miljødirektoratet innan 3 veker frå kunngjeringstidspunktet. Eventuell, grunngjeven klage skal rettast til Miljødirektoratet og sendast Fylkesmannen i Rogaland, postboks 59, 4001 Stavanger, eller fmropost@fylkesmannen.no.