Endra løyve til Indre Vågen Utbyggingsselskap AS
Fylkesmannen har etter søknad frå Indre Vågen Utbyggingsselskap AS endra løyvet av 12.05.2014 til arbeider i sjø ved Indre Vågen, Sandnes kommune.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Med heimel i forureiningslova § 18 endra Fylkesmannen løyvet til peling og mudring i sjø på 38/23 ved Indre Vågen i Sandnes kommune. For å kunne ferdigstille godkjent landskapsplan er det no ynskjeleg å fylle ut eit område på 90 m².
Innmåling av avviket
Kartgrunnlag tilsa at ei utfylling ikkje var naudsynt, men med innmåling viste avviket seg større enn tiltakshavar var klar over. På bakgrunn av forureiningssituasjonen i tiltaksområdet, samt for å bevare eventuelle naturverdiar i området, blei det i løyvet av 12.05.2014 stilt vilkår om bruk av siltgardin som avbøtande tiltak for å hindre skade på det marine miljø som følgje av arbeidet.
Løyvet omfattar no ei utfylling på ca. 350 m³, som vil dekkja eit sjøbotnareal på 90 m². Tiltakshavar skal også nytta siltgardin under utfyllinga.