Etterhandskunngjering - løyve til mudring og dumping Obrestad hamn
Fylkesmannen har gitt Kystverket Vest løyve til mudring og dumping av mudringsmassar, Obrestad hamn, Hå kommune
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Fylkesmannen har gitt Kystverket Vest løyve til mudring i Obrestad hamn, Hå kommune. Omsøkt mudringsarbeid er naudsynt i samband med at sandvandring har ført til at det er problematisk for større båtar å koma seg inn i hamna. Løyvet gjeld mudring av maksimalt 1 200 m³ massar på eit område på maksimalt 1 200m². I løyvet er det m.a satt krav om at mudringa skal utførast på ein så skånsom måte som mogleg, og at muddermassar skal dumpast i sjø utanfor yttergrensa til det planlagte marine verneområdet for Jærkysten.
Vedtaket kan påklagast til Miljødirektoratet innan 3 veker frå kunngjeringstidspunktet. Mogleg, grunngjeven klagen skal rettast til Miljødirektoratet og sendast til Fylkesmannen i Rogaland, postboks 59, 4001 Stavanger eller fmropost@fylkesmannen.no