Etterhandskunngjering av endra løyve til utfylling/mudring i Kvernevik

Fylkesmannen har etter søknad endra vilkår i Stavanger Byggdrift KF sitt løyve til sanering av kaianlegg/fylling på eigedomen 41/70 Kvernevika. Løyve er overdratt til Stavanger kommune som tiltakshavar. Endringa omfattar utfylling og mudring i sjø.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 09.01.2017

I samband med opparbeiding av området i samsvar med vedtatt reguleringsplan skal topplaget med sediment under eksisterande fylling fjernast, deretter skal det fyllast ut i sjø med gjenbrukte reine massar utsorterte frå eksisterande fylling.

Sjå endringsvedtak i høgremargen.

Eventuelle klagar kan sendast til Fylkesmannen i Rogaland, postboks 59, 4001 Stavanger, eller til fmropost@fylkesmannen.no. Klagefrist er sett til 3 veker.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.