Etterhandskunngjering av endra løyve til arbeid i sjø i Holeviga
Multiconsult AS har på vegne av Eigersund Næring og Havn KF fått endra løyve etter forureiningslova til utdjuping og utfylling i sjø i Holeviga ved Kaupanes i Eigersund kommune.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Løyvet vart vedteke 01.03.2016 og endra i vedtak av 26.04.2016. Endringa omfattar oppgraving av eldre fyllingsmassar for senking av fyllingsskråning. Føremål er å tilpasse kaien ved Hovland ferjeterminal til djupare sjøbotn. Overskytande massar skal nyttast til utfylling bak eksisterande molo ved ferjeterminalen.
Vedtaket om endring kan påklagast til Miljødirektoratet innan tre veker frå kunngjeringstidspunktet. Ei eventuell grunngjeven klage kan rettast til Miljødirektoratet og sendast til Fylkesmannen i Rogaland, postboks 59, 4001 Stavanger eller til fmropost@fylkesmannen.no.
Sjå saksdokumenta i høgremargen.