Etterhandskunngjering av endra løyve til arbeid i sjø ved Risøy
Fylkesmann har etter søknad frå Petter. J. Rasmussen på vegne av Aibel AS endra løyve til arbeid i sjø ved Risøy i Haugesund kommune.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Aibel AS fekk fyrste løyve 29.11.2011 som sidan vart endra 29.07.2013 og 14.05.2014.
Denne tredje endringa gjeld utdjuping av områder vest for tørrdokken og sør for Nordsjøhallen, samt plassering av dei utsprengte massane på fjellgrunn med djupne over 10 m i det same området. Det er sett krav om tilpassa sprengeteknikk for å avgrense partikkelspreiing som følgje av arbeida.
Vedtaket kan påklagast til Miljødirektoratet innan tre veker frå kunngjeringstidspunktet. Ei eventuell, grunngjeven klage kan rettast til Miljødirektoratet og sendast til Fylkesmannen i Rogaland, postboks 59, 4001 Stavanger, eller til fmropost@fylkesmannen.no.
Sjå saksdokumenta i høgremargen.
Dokumenter
- Aibel AS søknad endring 16.02.16 arbeid i sjø Risøy i Haugesund
- Aibel AS løyve endring 01.03.16 arbeid i sjø Risøy i Haugesund
- Aibel AS løyve endring 14.05.14 arbeid i sjø Risøy i Haugesund
- Aibel AS løyve endring 29.07.13 arbeid i sjø Risøy i Haugesund
- Aibel AS løyve 29.11.11 arbeid i sjø Risøy i Haugesund