Etterhandskunngjering overføring av løyver til utfylling i sjø i Lervig

Fylkesmannen i Rogaland har tidlegare gitt løyver til utfylling av sprengsteinsmassar i sjø i Lervig til Stavanger kommune i 1999 og Lervig Brygge AS i 2006. Tilletne utfyllingsrammer har ikkje vore nytta fullt ut og Fylkesmannen stadfesta i 2013 at løyva framleis var gjeldande.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 05.02.2015

Multiconsult AS orienterte i 2014 Fylkesmannen om at dei nåverande tiltakshavarane Stavanger kommune og Selvaag Bolig Rogaland AS ønska at Statens vegvesen skulle fullføre utfyllingsarbeida i Lervig som felles prosjekt. 

Fylkesmannen har derfor overført dei to løyva til Statens vegvesen Region vest. Det er samstundes gjort endringar i einskilde vilkår i dei to løyva med heimel i forureiningslova § 18.

Vedtak om endring av vilkår i dei to løyva kan klagast til Miljødirektoratet innan 3 veker frå kunngjeringstidspunktet. Mogleg, grunngjeven klage skal rettast til Miljødirektoratet og sendast Fylkesmannen i Rogaland fmropost@fylkesmannen.no eller postboks 51 sentrum, 4001 Stavanger.

Overførte løyver og saksdokument:

Opprinneleg Stavanger kommune

Opprinneleg Lervig Brygge AS

Multiconsult AS søker endring

Kunngjeringstekst

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.