Etterkunngjering endring av løyve til utfylling i Suldalsvatnet, Strandanes, Suldal kommune
Fylkesmannen har etter søknad frå Statnett SF endra løyvet til utfylling og sprengningsarbeid i Suldalsvatnet.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Publisert 17.12.2015
Endringa går ut på at verksemda ikkje lenger har krav om bruk av boblegardin under sprengningsarbeid. Ein føresetnad for denne endringa er at verksemda brukar den sprengningsmetoden som dokumentert fører til minst trykkbølgjer i vatnet. Sjå dokumenta i høgremargen for meir utgreiing.
Vedtaket kan påklagast til Miljødirektoratet innan 3 veker frå kunngjøringstidspunktet. Eventuell, grunngjeven klage skal rettast til Miljødirektoratet og sendast Fylkesmannen i
Rogaland, postboks 59, 4001 Stavanger eller fmropost@fylkesmannen.no