Kunngjering av løyve til pele- og utfyllingsarbeid ved Kalhammaren
Fylkesmannen har gitt Kalhammarveien 53 AS løyve til pele- og utfyllingsarbeid i sjø ved Kalhammaren i Stavanger kommune.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Omsøkt pele- og utfyllingsarbeid er del av bustadprosjektet «Innseilingå» på austsida av Kalhammaren. Løyvet gjeld utfylling av inntil 14 400 m³ massar som vil dekkja eit sjøbotnareal på inntil 5 600 m². Det skal også nedsettjast ca. 80 peler.
I løyvet er det m.a. sett krav om å dekkja til sjøbotn med minimum 15 cm dekkmasse for å hindra partikkelspreiing som følgje av arbeida. Massar som nyttast til utfylling skal vera reine, og det skal brukast kumringar rundt kvart pelepunkt der det er sediment.
Vedtaket kan påklagast til Miljødirektoratet innan 3 veker frå kunngjeringstidspunktet. Mogleg, grunngjeven klage kan rettast til Miljødirektoratet og sendast Fylkesmannen i Rogaland, postboks 59, 4001 Stavanger eller fmropost@fylkesmannen.no.