Løyve etter forureiningslova til Statens vegvesen Region vest
Statens vegvesen Region vest (SVV) har fått løyve til mudring og utfylling i Førrestjørna i Tysvær kommune.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Fylkesmannen har 15.05.2014 gitt løyve til SVV til mudring og utfylling i tjernet for bygging av nytt toplanskryss og trafikksikringstiltak. Det er i løyvet mellom anna satt krav til tiltak for å hindre spreiing av botnsediment og sprengsteinspartiklar under arbeida.
Arbeida i Førrestjørna omfattar mudring av 11 500 m3 løsmassar, og utfylling av 2 000m3 sprengsteinsmassar. Samla vil tiltaket dekke eit areal på ca. 3 310 m3 på botnen av Førrestjørna.
Sjå løyve og søknad med vedlegg i dokumentlenka til høgre.
Vedtaket kan påklagast til Miljødirektoratet innan tre veker frå kunngjeringa.