Etterhandskunngjering endra løyve til Eigersund Næring og Havn KF til arbeid i sjø ved Holeviga
Fylkesmannen har endra løyve til graving og mudring av sjøbotn i Holeviga i Eigersund.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Det er gitt løyve etter forureiningslova til graving/mudring av ca. 300 m3 forureina masse som vil dekkje eit sjøbotnareal på ca. 1000 m2, samt sprenging av 300 m2 berg.
For å betre tilkomsten for kontainertransport av fisk og anna skipstrafikk, er det behov for utdjuping av sjøbotn. Det er mellom anna sett krav om å nytte siltgardin for å hindra spreiing av forureina sediment under arbeidet. Reine massar skal nyttast til utfylling innanfor moloen ved eksisterande kai.
Sjå søknaden og løyve med vilkår i høgremargen.
Eventuell klage kan sendast til Fylkesmannen i Rogaland, postboks 59, 4001 Stavanger, eller til fmropost@fylkesmannen.no. Klagefristen er sett til 3 veker.