Løyve til Pelagia Egersund Seafood AS
Fylkesmannen har etter søknad gitt Pelagia Egersund Seafood AS nytt løyve etter forureiningslova til verksemda sitt fiskeforedlingsanlegg på Kaupanes i Eigersund
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Nytt løyve er datert 7.11.2017, og erstatter i sin helheit verksemda sitt løyve av 29.1.2003 med seinare endringar.
Løyvet har ei produksjonsramme på 50 000 tonn rundpakka pelagisk fisk, 15 000 tonn filet,
10 000 tonn matjessild og 2 000 tonn rogn.
Det nye anlegget har resipienttilhøve for sjø som er sårbare for nye utslepp. Fylkesmannen har lagt vekt på dette ved fastsetting av vilkår og grenseverdiar for utslepp av prosessvatn til sjø. Betre reinseeffekt i nytt reinseanlegg for prosessvatn skal kompensera for høgare produksjonsramme, slik at den totale utsleppsmengda ikkje skal auke.
Sjå løyvet med vedtak og saksutgreiing i høgremargen.
Vedtaket kan påklagast til Miljødirektoratet innan tre veker. Mogleg, grunngjeven klage skal rettast til Miljødirektoratet og sendast Fylkesmannen i Rogaland, fmropost@fylkesmannen.no.