Løyve til arbeid i sjø Kvernevik i Hafrsfjord
Fylkesmannen har gitt Stavanger Byggdrift KF løyve til arbeider i sjø i Kvernevik, Hafrsfjord, Stavanger kommune.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Stavanger Byggdrift KF er gitt løyve til sanering av fylling/kaianlegg på eigedomen gnr. 41 bnr. 70 i Kvernevik. Miljøtekniske undersøkingar har vist at området er forureina med m.a. olje.
Tiltaket omfattar fjerning av kaikonstruksjonar og alle utfylte massar inkludert eventuelt nedgravd avfall i fyllmassane. I løyvet er det m.a. sett krav om bruk av siltgardin og oljelense, avfall i fyllmassane skal sorterast ut og leverast til godkjent mottak på land.
Vedtaket kan påklagast til Miljødirektoratet innan 3 veker frå kunngjeringstidspunktet. Mogleg, grunngjeven klage skal rettast til Miljødirektoratet og sendast til Fylkesmannen i Rogaland, postboks 59, 4001 Stavanger eller fmropost@fylkesmannen.no.