Løyve til arbeid i sjø ved Somaneset i Sandnes
Fylkesmannen har gitt Sandnes Havn KF løyve til utfylling og nedsetting av peler i sjø ved Somaneset, Luravika i Sandnes kommune.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Sandnes Havn KF har planar om å utvide kai mot nord ved å forlenga dagens kaifront, samt å etablere roro-rampe, som avslutning på kaien mot nord. I samband med dette er det nødvendig med pele- og utfyllingsarbeider i sjø.
Løyvet omfattar utfylling av ca. 28 000 m³ sprengsteinsmassar, og berekna uberørt sjøbunnsareal som blir dekka av utfyllingen er ca. 3000 m². Botnsedimentet er vurdert som forureina, og det er i løyvet m.a. satt krav om tiltak for å hindre partikkelspreiing utav området.
Sjå saksdokumenta i høgremargen.
Vedtaket kan påklagast til Miljødirektoratet innan 3 veker frå kunngjeringstidspunktet. Mogleg, grunngjeven klage skal rettast til Miljødirektoratet og sendast Fylkesmannen i Rogaland, postboks 59, 4001 Stavanger eller fmropost@fylkesmannen.no.