Løyve til mudring i Kvilldalsvika i Suldalsvatnet
Fylkesmannen har gitt Statnett SF løyve til mudring i Kvilldalsvika, Suldalsvatnet i Suldal kommune.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
I samband med NSN-prosjektet (kabel for kraftutveksling mellom Norge og England), har Statnett SF behov for mudring i Suldalsvatnet.
Løyvet omfattar mudring av ca. 975 m³ masser som samla vil berøra eit areal, botnareal på ca. 1 100 m². Botnsedimentet er vurdert som forureina, og det er i løyvet m.a. satt krav om tiltak for å hindre partikkelspreiing ut av området, samt tidsbegrensing på når på året tiltaket kan utførast.
Vedtaket kan påklagast til Miljødirektoratet innan 3 veker frå kunngjeringstidspunktet. Mogleg, grunngjeven klage skal rettast til Miljødirektoratet og sendast Fylkesmannen i Rogaland, postboks 59, 4001 Stavanger eller fmropost@fylkesmannen.no.
Sjå saksdokumenta i høgremargen.