Løyve til mudring og sprenging i sjø ved Gjellestadvika i Eigersund kommune
Fylkesmannen har etter søknad gitt Aker Solutions AS løyve til mudring og sprengning i sjø på eigedomen 8/36 Gjellestadvika i Eigersund kommune.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
I samband med å utdjupe fundamenthull til mellombels plassering av borerigg er det gitt løyve til arbeid i sjø. Løyve gjelder sprengning av fjell og mudring av ca. 9 000 m3 forureina massar og sprengsteinsmassar i sjø, innenfor eit sjøbotnareal på ca. 10 000 m2.
Krav om miljøgrabb
Det er i løyve sett krav om blant anna bruk av miljøgrabb for å hindre spreiing av forureina sediment og tidspunktet for sprengning er avgrensa for å unngå inn- og utvandringstida for laks. Det er vidare sett krav til støy, internkontroll og beredskapsplan m.m.
Vedtaket kan klagast på til Miljødirektoratet innan tre veker frå kunngjeringstidspunktet. Ei eventuell, grunngjeven klage skal rettast til Miljødirektoratet og sendast til Fylkesmannen i Rogaland, postboks 59, 4001 Stavanger eller fmropost@fylkesmannen.no.
Sjå løyve og lenke til høyringa i høgremargen.