Løyve til mudring og utfylling i Ølen
Fylkesmannen har gitt Mittdistrikt Invest AS løyve etter forureiningslova til mudring og utfylling i sjø ved Osen gnr./bnr. 281/27 Ølen i Vindafjord kommune.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
I samband med opparbeiding av området i samsvar med vedtatt reguleringsplan skal det fyllast ut i sjø, og mudrast under og framfor kaifront for å stabilisere utfyllinga. Utfyllingsmassane skal bestå av sprengstein frå steinbrotet på Fikse supplert med mudringsmassane frå arbeidet. Sedimenta i tiltaksområdet er forureina i svært liten grad av tributyltinn (TBT).
Det er i løyvet sett krav om blant anna å halde seg til omsøkte volum, sikre utfyllinga mot utrasing og å avgrense støy.
Vedtaket kan påklagast til Miljødirektoratet innan tre veker frå kunngjeringstidspunktet. Ei eventuell, grunngjeven klage skal rettast til Miljødirektoratet og sendast til Fylkesmannen i Rogaland, postboks 59, 4001 Stavanger eller fmropost@fylkesmannen.no.
Sjå løyve og søknad i høgremargen.