Løyve til pele- og mudringsarbeid ved Sunde
Etterhåndskunngjering. Fylkesmannen har gitt Steinar Aasland løyve til pele- og mudringsarbeid i sjø ved Sunde i Hafrsfjord, Stavanger kommune.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Fylkesmannen har gitt Steinar Aasland løyve til pele- og mudringsarbeid ved Sunde i Hafrsfjord. Omsøkt pele- og mudringsarbeid er naudsynt i samband med utviding av eksisterande brygge, samt for å få plass til større båtar. Løyvet gjeld mudring av maksimalt 1 200 m³ massar på eit område på maksimalt 900 m². Det skal også nedsettast ca. 14 peler. I løyvet er det m.a satt krav om bruk av siltgardin for å forhindre partikkelspreiing.
Vedtaket kan påklagast til Miljødirektoratet innan 3 veker frå kunngjeringspunktet. Mogleg, grunngjeven klage kan rettast til Miljødirektoratet og sendast Fylkesmannen i Rogaland, postboks 59, 4001 Stavanger eller fmropost@fylkesmannen.no