Løyve til utfylling i sjø ved Tau Mølle i Strand
Vestlie AS har fått løyve etter forureiningslova til utfylling i sjø ved industrikaien til Tau Mølle, gnr./bnr. 17/4 i Strand kommune.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Løyvet omfattar utfylling av om lag 12 000 m3 reine dagbruddmassar i sjø. Tiltaket vil røre ved eit sjøbotnareal på om lag 1 000 m2. Føremålet med utfyllinga er mellom anna å auke kapasiteten ved kaien, betre HMS-forholda og auke verksemda si konkurransekraft.
Vedtaket kan påklagast til Miljødirektoratet innan 3 veker frå kunngjeringstidspunktet. Eventuell, grunngjeven klage skal rettast til Miljødirektoratet og sendast til Fylkesmannen i Rogaland, postboks 59, 4001 Stavanger eller til fmropost@fylkesmannen.no.
Sjå lenkjer til saksdokumenta i høgremargen.