Løyve til utfylling ved Helganes i Suldalsvatnet
Fylkesmannen har gitt Statens Vegvesen, Region Vest løyve til utfylling ved Helganes, Suldalsvatnet, Suldal kommune.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
I samband med NSN-prosjektet (kabel for kraftutveksling mellom Norge og England), har Statnett SF overskotsmasser som dei ynskjer å nytta til samfunnsmessige føremål. I den forbindelse skal det etablerast ein rasteplass ved Helganes, Suldal kommune. Eigen reguleringsplan for rasteplassen ble vedteken i mars 2015.
Løyvet omfattar utfylling av ca. 42 000 m³ sprengsteinsmassar, som samla vil berøra eit areal i innsjøen på ca. 2 500 m². Det skal nyttast dobbel siltgardin for å hindra partikkelspreiing frå sprengsteinsmassane. Det skal også etablerast eit overvakingsprogram for vassdraget ned mot Suldalslågen.
Vedtaket kan påklagast til Miljødirektoratet innan 3 veker frå kunngjeringstidspunktet. Mogleg, grunngjeven klage skal rettast til Miljødirektoratet og sendast Fylkesmannen i Rogaland, postboks 59, 4001 Stavanger eller fmropost@fylkesmannen.no.
Sjå saksdokumenta i høgremargen.