Nytt løyve til SJT Miljø AS
Det er gitt løyve etter forureiningslova til SJT Miljø AS i Hå kommune.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Publisert 09.03.2015
SJT Miljø AS er gitt løyve etter forureiningslova på visse vilkår til årleg mottak og mellomlagring av inntil 4000 tonn sandslam frå sandfangkummer på privat og offentleg overvannsnett, samt 1000 tonn sementstøv frå offshoreverksemd. Tiltaket er lokalisert på gnr. 30 bnr. 10 i Hå kommune med gateadresse Gudmestadvegen 271 Nærbø.
Det er gitt løyve etter forureiningslova på visse vilkår. Løyve med tilhøyrande vilkår kan lesast i dokumentlenka i høgremenyen.
Løyvet kan påklagast til Miljødirektoratet. Klagen må sendast Fylkesmannen i Rogaland innan tre (3) veker.