Ryfast - Endra vilkår i utfyllingsløyve Buøy
Fylkesmannen ga 14.03.2013 løyve til Statens vegvesen Region vest til utfylling i sjø ved Buøy i Stavanger kommune av sprengsteinsmassar frå tunnelar i Ryfast-sambandet. Løyvet omfatta også etablering av anleggsveg på sprengsteinsfylling tvers over indre del av Bangarvågen.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Statens vegvesen søkte 20.06.2014 om endring av løyvet ved at anleggsvegen i Bangarvågen blir lagt langs land i botnen av vågen. Nye berekningar syner trong for masseutskifting for å sikra stabililteten til anleggsvegen. Omfang av massutskrifting i form av oppmudring av botnsediment og erstatting med sprengstein blir mindre ved flytting av vegtraseen.
Fylkesmannen har 20.08.2014 med heimel i forureiningslova § 18 endra vilkåret i løyvet av 14.03.2014 som gjeld arbeid i sjø i Bangarvågen.
Vedtaket om endring av løyvet og saksdokumenta er lagt ut til offentleg ettersyn i dokumentlenkene til høgre.
Vedtaket om endring av løyvet kan påklagast til Miljødirektoratet innan 3 veker frå kunngjeringstidspunktet. Mogleg, grunngjeven klage skal rettast til Miljødirektoratet og sendast til Fylkesmannen i Rogaland, postboks 59, 4001 Stavanger eller fmropost@fylkesmannen.no.