Søknad om endra løyve til Westco Miljø AS på Forus
Westco Miljø AS på Forus i Sandnes kommune søkjer om endring av gjeldande løyve for mottak og mellomlagring av visse typar farleg avfall.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Westco Miljø AS har søkt Fylkesmannen i Rogaland om endring av gjeldande løyve til mottak og mellomlagring av spesifiserte typar farleg avfall. Verksemda har i dag løyve til mottak og mellomlagring av impregnert trevirke og golvbelegg som er farleg avfall. Søknaden om endring gjelder m.a. isolerglassruter som er farleg avfall, avfall som inneheld bromerte flammehemmarar, KFK-haldig polyuretanskum, fugemasse som er farleg avfall og asbest.
Verksemda har i dag løyve til årleg mottak av inntil 1 500 tonn farleg avfall. For dei nye typane farleg avfall er det søkt om samla årleg mottaksramme på 2 750 tonn.
Saksdokumentea er lagt ut til offentleg ettersyn i Sandnes kommune, Servicetorget, Haakon VII’s gate 8, Sandnes og i dokumentlenkene til høgre.
Uttaler til søknaden kan sendast innan 4 veker frå kunngjeringstidspunktet som e-post til fmropost@fylkesmannen.no eller som brev til Fylkesmannen i Rogaland, Postboks 59, 4001 Stavanger.