Søknad om løyve til utfylling i sjø ved Husøy
Karmsund Havnevesen IKS søkjer om løyve etter forureiningslova til arbeider i sjø ved Husøy, Karmøy kommune. Høyringsfristen er 4 veker.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Fylkesmannen har mottatt søknad om løyve til utfylling og sprengning ved Husøy i Karmøy kommune. I samband med ny prosjektert kai nord på Husøy er det søkt om løyve til å fylla ut ca. 10 000 m³ sprengsteinsmassar i sjø, samt å sprenge ut ca. 6000 m³ på sjøbotn for å oppnå tilstrekkeleg djupne for skipsanløpa.
Utan særskilte tiltak kan arbeidet føra til partikkelspreiing, noko som kan påverka naturmangfaldet i tiltaks- og influensområdet, negativt. Det kan derfor i eit eventuelt løyve bli satt vilkår om avbøtande tiltak under arbeida.
Frist for uttale er sett til 4 veker. Uttaler kan sendast Fylkesmannen i Rogaland, postboks 59, 4001 Stavanger eller fmropost@fylkesmannen.no
Sjå høyringsdokumenta i høgremargen.