Søknad om utfylling i sjøen ved Båsen
Åmøy Havn AS søkjer om løyve til utfylling i sjø ved Båsen, Vestre Åmøy i Rennesøy kommune. Høyringsfristen er 4 veker.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Fylkesmannen har mottatt søknad om løyve etter forureiningslova til utfylling ved Båsen, Vestre Åmøy i Rennesøy kommune. I samband med utviding av båthamna er det naudsynt å etablera ein molo. Reguleringsplan for utviding av båthamna blei vedteken i 2014.
I nærleiken av utfyllingsområdet er det registrert 3 ålegrasenger med verdi A (svært viktig), samt to blautbotnsområder med verdi B (viktig).
Torsteinsvika er også eit svært viktig overvintringsområde for sjøfugl. Tidlegare undersøkingar i nærleiken av utfyllingsområdet mot vest viste at det var liten eller ingen grad av forureining i 7 av 10 prøvar. Dei mest forureina prøvane var i midlertidig lokalisert lengst mot vest i eit område som seinare er oppmudra med løyve etter forureiningslova frå Fylkesmannen.
For å samle opp skyteledningar av plast har søkjar foreslått bruk av lense med skjørt hengjande 5 meter ned i vannsøyla. I eit eventuelt løyve etter forureiningslova kan det, med hensyn til føre-var-prinsippet, bli aktuelt å stilla krav til avbøtande tiltak for å hindra partikkelspreiing som følgje av arbeidet.
Frist for uttale er sett til 4 veker. Uttaler kan sendast Fylkesmannen i Rogaland, postboks 59, 4001 Stavanger eller fmropost@fylkesmannen.no
Sjå høyringsdokumenta i høgremargen.