Tullin Ree & Sønner AS søker om løyve etter forureiningslova
Tullin Ree & Sønner AS søker om løyve etter forureiningslova §§ 11 og 16 til gjenvinning av rivingsbetong og asfalt på Søre Kalberg, gnr.29 bnr. 2 og 7 i Time kommune.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Eldre bygningsbetong kan innehelda farlege miljøgifter som til dømes PCB. Verksemder som ønskjer å gjenvinne betong må derfor søkje om særskilt utsleppsløye til dette. I eit utsleppsløyve vil det verte stilt krav om tilstrekkjeleg mottakskontroll til å sikre at avfall som er forureina av miljøgifter ikkje vert nytta til gjenvinning. Det vil og verte sett krav om tiltak som avgrensar utslepp av støy og støv.
Verksemda har i dag særskilt utsleppsløyve etter forureiningslova § 11 for drift av pukkverk på staden. Fylkesmannen vil i samband med søknaden vurdere om løyvet til den ordinære pukkverksdrifta skal erstattas av sjølvberande vilkår fastsett i forureiningsforskrifta kap.30.
Alle søknadsdokument samt verksemda sitt løyve for pukkverket er lagt ut i dokumentlenkene til høgre.
Søknadsdokumenta vert lagt ut til offentleg ettersyn på servicetorget i Time kommune.
Moglege merknader til søknaden kan sendast Fylkesmannen i Rogaland, postboks 59 sentrum, 4001 Stavanger eller fmropost@fylkesmannen.no innan 4 veker frå kunngjeringstidspunktet.
Høyringsfrist: MÅNDAG 27.01.2014 15:30