Uttale til søknad om dispensasjon for montering av Aasta Hansteen-plattforma i Vats- og Yrkjefjorden
Det er søkt om løyve til montering, stabilisering og mellombels ankring av produksjonsplattforma Aasta Hansteen i perioden september-desember 2015. Statoil tek etter dette over arbeidet med samankopling av dekket og klargjering av plattforma i Yrkesfjorden fram til utsleping sommaren 2016.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Med vekt på at Yrkjefjorden i kombinasjon med Vatsfjorden og AF Miljøbase Vats er ei lokalisering som det er vanskeleg å finne gode alternativ til, har Fylkesmannen ikkje avgjerande innvendingar til at det blir gitt dispensasjon for omsøkt arbeid og montering av Aasta Hansteen-plattforma. Tiltak for å unngå uønska hendingar som kan gje forureining, må vektleggjast sterkt.
Fylkesmannen er framleis imot demontering og hogging av gamle installasjonar i sjøområdet.