Westcon Yards AS, Ølsvågen, Vindafjord kommune – Tidsavgrensa løyve til plassering av oppjekkbar rigg på sjøbotnen
Fylkesmannen har etter søknad gitt løyve etter forureiningslova til Westcon Yards AS til tidsavgrensa plassering av den oppjekkbare riggen «West Epsilon» på sjøbotnen innst i Ølsvågen. Løyvet gjeld fram til 1. november 2017.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Riggen har tre bein som er påmontert føter som skal kvila på sjøbotnen. Det skal og leggjast elektrisk kabel på sjøbotnen frå verftet og ut til riggen.
Botnsedimenta i området er forureina av den organiske miljøgifta tributyltinn (TBT). Det er derfor i løyvet stilt krav om at sjøbotnen der riggføtene skal kvila skal dekkjast med eigna material før nedsetjing av riggen, for å hindra oppvirvling av forureina botnsediment.
Løyvet og søknaden er lagt ut til offentleg ettersyn.
Vedtaket om løyve kan påklagast til Miljødirektoratet innan tre veker frå kunngjeringstidspunktet. Mogleg, grunngjeven klage skal rettast til Miljødirektoratet og sendast til Fylkesmannen i Rogaland, postboks 59, 4001 Stavanger eller fmropost@fylkesmannen.no.