Endra løyve til Statens vegvesen for mudring av overskotsmassar i indre Bangarvågen
Fylkesmannen har etter søknad endra løyve gitt Statens vegvesen, Region vest til arbeid i sjø ved indre Bangarvågen på Buøy i Stavanger kommune. Endringa omfattar mudring av sprengstein og anna massar som har ført til redusert sjødjup.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Løyve omfattar mudring av ca. Det er i løyve satt krav til bruk av dobbelsiltgardin for å hindra spreiing av forureina sjøbotnsediment, samt at reine og forureina massar skal holdast åtskild. Forureina massar skal leverast til godkjent mottak, medan reine massar kan utnyttast på sjøfyllinga.
Sjå løyve med endringar i vedlegget til denne nettsaka.
Vedtaket kan klagast på til Miljødirektoratet innan tre veker frå kunngjeringstidspunktet. Ei eventuell, grunngjeven klage skal rettast til Miljødirektoratet og sendast Fylkesmannen i Rogaland, postboks 59, 4001 Stavanger eller fmropost@fylkesmannen.no.