Har du forureina grunn på tomta di?
Fylkesmannen og kommunene arbeider for å få meir oppdatert oversikt over område med forureina grunn i Rogaland. I Miljødirektoratet sin kartbase Grunnforurensning kan du sjekke informasjon om din eigedom.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Databasen der forureina grunn skal registrerast har kome i ny og meir brukarvenleg versjon, og forvaltninga vil i åra som kjem arbeide med å få databasen oppdatert. Informasjonen i databasen er open for alle.
Grunnforurensningsbasen er knytt til matrikkelen
Du som arbeider med kartlegging eller arbeid i forureina grunn, kan enkelt få tilgang til å legge inn ny informasjon ved å opprette brukar i databasen. Informasjon som vert lagt inn i Grunnforurensningsbasen vert overført til matrikkelen. Derfor må informasjon som er lagt inn av eksterne brukarar godkjennast av forvaltninga først. Fylkesmannen blir automatisk varsla om nye data til godkjenning. Dersom ny informasjon som vert overført til matrikkelen medfører at du får råderettsbegrensningar knytt til eigedommen din, skal du få brev om dette.
Har du informasjon om forureina grunn?
Dersom du finn at informasjon i databasen manglar eller er feil, set vi pris på om du melder i frå til oss eller til kommunen din. Husk å oppgi gards- og bruksnummer, og om feilen gjeld heile eller deler av eigedommen. Har du spørsmål om grunntilhøva på eigedommen din, vil det normalt være teknisk etat i kommunen din som kan svare. For enkelte bransjar vil Fylkesmannen vere rette instans; dette gjeld mellom anna skipsverft, brannøvingsplassar og avfallsdeponi. I særskilte tilfelle kan Miljødirektoratet være rette instans.
Du kan finne meir informasjon om pliktene til tiltakshavar ved arbeid i område med mistanke om forureina grunn hos Miljødirektoratet.