Landsdekkande tilsynsaksjon med landbaserte akvakulturanlegg i 2024

Miljøforvaltninga gjennomfører i år ein landsomfattande tilsynsaksjon med landbasert oppdrett av fisk. Vi vil kontrollere anlegg med utslepp regulert i løyve frå Statsforvaltaren i veke 20 til 48.

Publisert 10.05.2024

Kontroll med om akvakultur på land følgjer miljøkrav

Hensikta med aksjonen er å kontrollere at bransjen følgjer krava i miljøregelverket og løyve etter forureiningslova.

Oppdrettsanlegg på land kan ved uhell og dårleg drift forureine grunn, luft, sjø og vatn. Bransjen har utvikla seg raskt og med stor grad av teknologiutvikling. Det er stor variasjon i miljøkrava og korleis anlegga er utforma. Ein del av løyvet er også av eldre dato.

Målet med kontrollen er å gje forureiningsmyndigheitene meir kunnskap, slik at vi både kan rettleie bransjen betre og vurdere standardiserte vilkår.

Dette er første gong miljøforvaltninga har ein landsdekkande tilsynsaksjon av landbasert akvakultur. Miljødirektoratet koordinerer aksjonen.

Dette er landbasert akvakultur

  • Totalt ca. 355 registrerte anlegg over heile landet, derav 27 anlegg i Rogaland
  • Omfattar produksjon av både laksefisk og marin fisk, samt skaldyr
  • Alle stadie er inkludert – yngel-, settefisk-, stamfisk- og matfiskanlegg

Relatert

Akvakultur er regulert av fleire ulike myndigheiter og regelverk. Statsforvaltaren er forureiningsmyndigheit. Oppdrett i sjø står for den største delen av produksjonen.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.