Løyve til Statens vegvesen - Rogfast E02 Kvitsøy - vegtrasé i dagen
Fylkesmannen har etter søknad gitt Statens vegvesen, Region vest løyve etter forureiningslova til arbeid i sjø i samband med vegtrasé i dagen på Kvitsøy.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Løyve omfattar fire tiltak i samband med bygging av veg frå Krossøy, over Hellesøy og Kvitsøy, samt to bruer over Kyrkjesundet. Totalt utgjer tiltak utfylling av 16 000 kubikkmeter tunnelstein og mudring av ca. 2000 kubikkmeter sjøbotnsedimentar.
Me sett krav til bruk av siltgardin for å beskytte ålegras i Kyrkjesundet, samt miljøovervaking og tiltak for å behalde gjennomstraum i sundet.
Sjå løyve i vedlegget til denne nettsaka.
Vedtaket kan klagast på til Miljødirektoratet innan tre veker frå kunngjeringstidspunktet. Ei eventuell, grunngjeven klage skal rettast til Miljødirektoratet og sendast Fylkesmannen i Rogaland, postboks 59, 4001 Stavanger eller fmropost@fylkesmannen.no