258 millionar til kommunale klimakutt i 2020

Hurtigbåt i Ryfylke
Foto: Tonje Fjermestad Aase / Statsforvaltaren i Rogaland.

Miljødirektoratet støtter klimatiltak i regi av kommunar og fylkeskommunar. For 2020 er det 258 millionar kr i potten. Pengane kan gå til prosjekt som til dømes reduserer klimagassutslepp ifrå veg/anlegg, VA, system for klimavennlege innkjøpsordninger, og ifrå arealendringer. Søknadsfristen er 15. februar 2020.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 22.11.2019

Av dei 258 millionane går 181,8 millionar til Klimasats-ordninga. Det er i tillegg 77 millionar som skal gå til utvikling av hurtigbåtar med løysingar for null- og lågutslepp. 

Klimasats støttar tiltak i regi av kommunar og fylkeskommunar, som reduserer utslepp av klimagassar og/eller bidreg til overgangen til eit lågutsleppsamfunn. Etatane kan søke tilskot saman eller kvar for seg. Det er krav om at klimasatsstønaden er utløysande for at tiltak blir iverksett, etatane må sjølve gå inn med eigeninnsats, og søknadane må vere politisk forankra. 

 

Miljødirektoratet oppfordrer søkarar for 2020 til å:

  • kartlegge moglegheiter for å redusere utslepp knytt til vegarbeid, vatn- og avløp, park og utandørs idrettsanlegg, både ifrå anleggsarbeid og i materialbruk
  • sjå på korleis ein kan ta i vare karbonrike areal; søk gjerne stønad til prosjekt om korleis disse areala kan takast hand om i arealplanlegging eller i anna forvaltning
  • vurdere korleis kommunen kan innarbeide klimaomsyn systematisk i sine anskaffelsar og innkjøp

Søkarane blir også oppmoda til å tenkje breitt og heilskapleg på korleis dei vil redusere klimagassutsleppa. Tiltak som gir store reduksjonar i klimagassutslepp vil bli prioriterte.

 

Krav for å søke stønad til utsleppsfrie hurtigbåtar:

  • Stønad gjeld nybygging eller ombygging av eksisterande hurtigbåtar
  • evt. utvikling av hurtigbåtar som er utsleppsfrie i drift
  • tiltak eller prosjekt som har betydeleg reduksjon av utslepp samanlikna med dagens hurtigbåtar
  • der aktuelle energikjelder er el, hydrogen, ammoniakk og biogass

Eitt prosjekt kan få inntil 12 millionar i stønad. Stønaden kan dekke maksimalt 75% av kostnadane til prosjektet.

 

Tirsdag 3. desember kl. 10.00-11.00 arrangerer Miljødirektoratet eit webinar for Klimasats-søkarar. Enova vil også delta. Her er det mogleg å stille spørsmål.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.