Dobla tilskotsramme til Klimasats for kommunane, og anna finansiering av klimasatsing
Det blir ein auke i midlar ifrå Miljødirektoratet til kommunane si klimasatsing. Miljødirektoratet arrangerer webinar om dette. EU har også tilskotsmidlar som kan nyttast ved grøn omstilling og energieffektivisering, og Enova sine støtteordningar kan gjere det lettare for entreprenørar å innfri krav om utsleppsfrie anleggsplassar.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Webinar om Klimasats for 2022
Miljødirektoratet sin tilskotsordning Klimasats, er meint for kommunar, fylkeskommunar og enkelte kommunale føretak. Fristen for å søke Klimasatsmidlar for 2021 (innkjøp, kartlegging i bygg, ladepunkt) gjekk ut 15. november.
I Statsbudsjettet for 2022 er det sett av nye midlar, og ramma blir auka frå 100 til 200 millionar kroner. Me veit ikkje endå korleis ordninga blir, men truleg vil ho likne på profilen for 2021. Dette får me nok vite meir om når Miljødirektoratet held webinar om tilskotsordninga 30. november frå kl. 10.00 til 11.00. Då får me også vite meir om aktuelle fristar.
I tillegg til dei ordinære Klimasats-midlane, blir ordninga med tilskot til «Grøn skipsfart» vidareført frå 2020 og 2021. Ordninga er øyremerkt til utvikling av hurtigbåtar med null- og lågutsleppsløysingar, og det er sett av drygt 80 mill. kroner for 2022. Det er fylkeskommunane som kan søke om desse midla.
Når det gjeld klimasatsmidlar til klimatilpassing, er midla uendra på 6,4 millionar kroner.
Enova sine midlar for entreprenørar og industri
På same måte som Klimasats gir tilskot til kommunane sine meirkostnadar ved å etablere klimavenlege bygg og anlegg, t.d. utsleppsfrie bygge- og anleggsplassar, har Enova også ordningar for stønad til utsleppsfrie byggeplassar der t.d. entreprenørar kan søke om tilskot. Enova ynskjer seg pilotprosjekt som syner fram ny og innovativ teknologi. I tillegg er det mogleg å få stønad til biogassdrivne køyretøy og anleggsmaskinar som går på elektrisitet eller biogass, og det er ei ordning for tilskot til nullutsleppskøyretøy over 4,25 tonn.
Slike stønadsordningar vil truleg gjere det lettare for kommunar som ynskjer anbod på utsleppsfrie byggeplassar. Kommunane bør informere aktuelle entreprenørar og samarbeidspartnarar om denne ordninga. Frist for å søka dette året er 3. desember.
EU-stønad/-klimasats
Regjeringa har lagt ut informasjon på sine nettsider om at det er mogleg å søke om stønad til gjennomføring av klima- og energiplanar hjå EU City Facility. Etter å ha studert dette nærare, gjeld ordninga i utgangspunktet utviklings-/planleggingsstøtte og konsulentfinansiering. I EU er ofte redusert energiforbruk synonymt med reduserte klimautslepp, og hovudtemaet er energieffektivisering og -sparing med mål om reduserte klimagassutslepp. Kvar innvilga søknad blir gitt eit fast beløp på € 60 000, og kommunar kan søke saman. Ordninga har vore etablert ei stund og det er nå 3. gangen at det opnast opp for søknadar. Denne utlysinga har frist 17. desember i år.
Dette ser ut til å vere ein form for EU-Klimasats, men med ei lita økonomisk ramme: 4,14 millionar EURO fordelt på 69 innvilga søknadar gir ikkje rom for mange prosjekt for kvart land. Men dersom ein formulerer ein solid søknad innan målområdet, kan det nok vere mogeleg å få stønad. Nettsidene til EU City Facility syner til ein rapport om kva prosjekt som fekk stønad.
Regjeringa informerer og om at norske kommunar kan søke støtte til tiltak innafor klima, by-transport, infrastruktur og teknologi i den europeiske investeringsbanken (EIB), gjennom EFTA Loan Facility.