Kommunane i Rogaland satsar på klimaomstilling!

Gjerdeklyvar over steingjerde på Ombo i Stavanger kommune.
Kommunane i Rogaland er løysningsorienterte. Foto: Birgit S. Hagalid.

Då søknadsfristen for Klimasats gjekk ut 15. februar låg det 301 søknadar i bunken. Det melder Miljødirektoratet. Av desse kjem 36 søknadar frå kommunane i Rogaland, som totalt har søkt om 66 millionar kroner i støtte til klimaprosjekt i 2022.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 18.02.2022

Støtteordninga Klimasats er for kommunar og fylkeskommunar som vil redusere utslepp av klimagassar og bidra til omstilling i lågutsleppssamfunnet. Det er Miljødirektoratet som forvaltar støtteordninga. Sidan oppstart i 2016 har nesten 1600 prosjekter fått støtte på meir enn éin milliard kroner.

Hovudsøknadsfristen for 2022 gjekk ut den 15. februar. Miljødirektoratet melder om at dei har motteke 301 søknadar denne gongen. Klimatiltak innanfor bygg og byggeplassar, klimavenleg areal- og transportplanlegging, samt ulike sirkulære tiltak er populært i søkjarbunken.

Mange gode prosjekt frå Rogaland

Kommunane i Rogaland har søkt om 66 millionar kroner fordelt på 36 søknadar i 2022 (tabell 1). Det gjer Rogaland til det fylket med nest flest søknadar, og det er flott å sjå kor framoverlente kommunane i Rogaland er! Det er sendt inn søknadar frå 11 kommunar, inkludert Rogaland fylkeskommune. Fleir er av prosjekta er samarbeidsprosjekt mellom som involverer fleire kommunar. Sjå oversikt over alle prosjekta i frå Rogaland i tabellen nedst i nettsaka.

Sidan støtteordninga starta i 2016 og til og med 2021 er det løyvd ein samla sum på 195 millionar kroner til 132 ulike prosjekter i Rogaland som allereie er gjennomført eller er under gjennomføring.

Tabell 1: Total søkesum og tal søknadar per fylke. Kjelde: Miljødirektoratet.

Fylke

Total søkesum (avrunda)

Tal søknadar

Agder

22 millionar

22

Innlandet

24 millionar

26

Møre og Romsdal

8 millionar

20

Nordland

23 millionar

28

Oslo

16 millionar

11

Rogaland

66 millionar

36

Troms og Finnmark

27 millionar

17

Trøndelag

46 millionar

23

Vestfold og Telemark

18 millionar

24

Vestland

59 millionar

33

Viken

90 millionar

58

Søknadsbehandling og fristar 2022

Søknadane vert behandla av Miljødirektoratet fram mot sommaren. Miljødirektoratet gjev tilsegn fortløpande. Oversikt over alle kommunar som har fått støtte vil bli annonsert i juni.

I utveljinga legg Miljødirektoratet vekt på potensialet for utsleppsreduksjonar, om tiltaka er innovative og ambisiøse, og om prosjekta har overføringsverdi til andre kommunar.

Det er i tillegg eit krav om at prosjekta må vere politisk forankra i kommunen, og at dei sjølv må bidra med eigeninnsats

Søknadsfristen for dei fleste prosjekttypane var 15. februar 2022. For følgjande prosjekt er det òg mogleg å søkje innan 15. september:

  • Meirkostnadar for klimatiltak i konkrete anskaffingar
  • Kartlegging av moglege klimatiltak tidleg i bygg- og anleggsprosjekt

Meir om støtteordninga Klimasats finn du på nettsidene til Miljødirektoratet. Der finn du også oversikt over alle prosjekter som har søkt eller har fått støtte gjennom ordninga. 

Tabell 2: Oversikt over søknadar om Klimasatsmidler frå kommunane i Rogaland i 2022. Kjelde: Miljødirektoratet.

Prosjektnavn

Søker

Søkesum

Vannbuss i Egersund

EIGERSUND KOMMUNE

    9 000 000

Ombygging til Familiens hus

GJESDAL KOMMUNE

        700 000

Smart sensorikk

GJESDAL KOMMUNE

        301 000

Fra dieseldrevet til elektrisk lastebil

HAUGESUND KOMMUNE

    1 120 000

Fra dieseldrevet til elektrisk pickup

HAUGESUND KOMMUNE

          83 200

Gjenbruk på Haugalandet

HAUGESUND KOMMUNE

    2 250 000

Mat for fremtiden

HAUGESUND KOMMUNE

        520 000

Nytt kjøleanlegg i Haugesund ishall

HAUGESUND KOMMUNE

    1 335 000

Nytt kjøleanlegg ved Havnaberg Seniorsenter

HAUGESUND KOMMUNE

        875 060

Nytt kjøleannlegg ved Bjørgene Omsorgssenter

HAUGESUND KOMMUNE

        435 000

Klimakrav i anskaffelser på Jæren

HÅ KOMMUNE

    1 950 000

Gjenbruk av betong tårnkiosker til turisme-formål

KLEPP KOMMUNE

    2 206 000

Omstilling til karbon-negativ fjernvarme i Klepp

KLEPP KOMMUNE

  10 050 000

Utviding av rå-biogassnett til gardsanlegg, Jæren

KLEPP KOMMUNE

        350 000

Elektrifisering av bussruter på Haugalandet

ROGALAND FYLKESKOMMUNE

  12 000 000

Elektrifisering av Lysefjordsambandet

ROGALAND FYLKESKOMMUNE

  12 000 000

Klima og miljøvennlig håndtering av massefyllinger

ROGALAND FYLKESKOMMUNE

        350 000

Norges mest sirkulære matfestival

ROGALAND FYLKESKOMMUNE

        575 000

Samarbeid om bedre ressursutnyttelse vest-øst

ROGALAND FYLKESKOMMUNE

    1 400 000

Utredning av karbonrike arealer i Rogaland

ROGALAND FYLKESKOMMUNE

        360 000

Delingsmøter om det grønne skiftet - tre årig

SOLA KOMMUNE

        255 000

Forprosjekt klimareduserende tiltak Sele fyllplas

SOLA KOMMUNE

        200 000

Bærekraftige og sirkulære anskaffelser

STAVANGER KOMMUNE

    2 000 000

Klimanettverk Jæren

STAVANGER KOMMUNE

        225 000

Ladekontainere

STAVANGER KOMMUNE

    2 615 000

Prosjektplan utslippsfri bygge-og anleggsplass

STAVANGER KOMMUNE

        215 000

Rådgiver klima og energi

STAVANGER KOMMUNE

        850 000

Samarbeidsprosjekt

STAVANGER KOMMUNE

        600 000

Utredning av ladehuber

STAVANGER KOMMUNE

        200 000

Utslippsfri feiebil og flisekutter

STAVANGER KOMMUNE

        332 000

Bildeling i Time kommune

TIME KOMMUNE

        200 000

Forbedret innsamling landbruksplast

TIME KOMMUNE

        200 000

Ladepunkt eltaxi i Time kommune

TIME KOMMUNE

        150 000

Sykkelsats i Time

TIME KOMMUNE

        525 000

Klimanettverk Haugalandet

TYSVÆR KOMMUNE

        175 000

Utsira el-bildeling Garpeskjær

UTSIRA KOMMUNE

        150 000

 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.