Nettkurs i naturmangfaldlova
På nettsidene til Miljødirektoratet kan tilsette i kommunar og andre interesserte ta e-læringskurs om kapittel 2 i naturmangfaldlova. Kurset handlar om kva krav som blir stilt til offentlege avgjerder gjennom naturmangfaldlova.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Publisert 14.10.2013
Kurset er laga spesielt med tanke på sakshandsaming i kommane og er lagt opp slik at det vil vere nyttig også for andre styresmakter som tek avgjerder om naturen. Du vil få innblikk i korleis dei miljørettslege prinsippa skal brukast i sakshandsaming.
Logg deg inn på sidene for å få tilgang til kurset (sjå "relaterte lenkjer" i høgremenyen) - Det er heilt gratis og tek om lag 1,5 time å gjennomføre.