Kartlegging av natur i Rogaland 2024

I mai vil Miljødirektoratet starte naturtypekartlegging i utvalde område og basiskartlegging i utvalde verneområde i Rogaland. Det er biologar frå Ecofact som skal kartlegga i Sauda, Natur og Samfunn skal kartlegga i Lund og Dokkadeltaet Nasjonale Våtmarkssenter skal kartlegga innafor verneområda.a

Publisert 18.04.2024, Sist endret 24.04.2024

Naturtypekartlegginga i år, vil finne stad i eit stort område i Sauda kommune på over 93 kvadratkilometer og i eit område i Lund kommune på vel 21 km2.

Basiskartlegging vil skje i 11 verneområde:

  • Tjuvholmen/Klumpholmen naturreservat, verneplan for sjøfugl
  • Foldøy fuglefredningsområde
  • Lindøy dyrefredningsområde
  • Gåsholmen og Årvikholmen naturreservat, verneplan for sjøfugl
  • Nautøy, Longholmen og Bukkholmen naturreservat, verneplan for sjøfugl
  • Adnaråsen naturreservat, skog
  • Berget naturreservat, skog
  • Fisterfjell naturreservat, skog
  • Nag naturreservat, skog
  • Nordraheia naturreservat
  • Einarvatnet naturreservat

Kvifor kartlegge natur?

Arbeidet er del av ein nasjonal kartlegging for å betre kunnskapsgrunnlaget om norsk natur, vedteke av Stortinget i 2015. Data som vert innhenta i felt vil mellom anna bli brukt i arealplanprosessar av ulike sektorar, etatar og kommunar. Det vil bidra til ein effektiv og lik handsaming slik at det blir lettare å ta rette avgjerder med omsyn til naturverdiane i regionen. Kartlegginga vil vere nyttig for grunneigarar, mellom anna om dei søkjar tilskot til tiltak for trua natur og kulturlandskap, eller støtteordningar som SMIL og regionalt miljøprogram (RMP).

Kva skal kartleggast?

Naturtypekartlegginga skjer etter Miljødirektoratet sin instruks (sjå lenke til høgre) som bygger på Artsdatabankens standardiserte, naturvitskapleg system for klassifisering av natur (Natur i Noreg, NiN). Miljødirektoratet har valt ut 111 ulike naturtypar som skal kartfestast. Av desse naturtypane er 83 raudlista (trua) i Noreg, og 28 er fastsett som viktige leveområde for trua og nær trua artar. Kartlegginga blir utført av fagbiologer med kompetanse og i naturtypekartlegging. Registreringane skjer på Ipad ved at dei teiknar naturtypelokaliteten på digitale kart og tar notat. I tillegg til naturtype skal kvar lokalitet ha vurdering av nokre variablar for tilstand og naturmangfald, samt eit lite notat. Kartlegginga skjer til fots, og områda som skal kartleggast kan innehalde både innmark og utmark.

I verneområda skjer kartlegginga etter Artsdatabankens metode for basiskartlegging, der kartleggingseiningane i Natur i Norge (NiN) nyttast direkte (sjå lenke til høgre).

Ferdige kart vil bli tilgjengelege via Naturbase,  Økologisk grunnkart og Temakart-Rogaland. I Temakart-Rogaland finn ein eksisterande informasjon om naturtypar etter Miljødirektoratet sin instruks i temalaget «Naturtypekartlegging etter Miljødirektoratets instruks (NiN)» og «Natur i verneområde (NiN)».

Kven kan eg kontakte?

All ferdsel skjer i tråd med friluftslova og reglar for god ferdselskultur. Det kan vere naudsynt å gå på/langs innmarksareal. Om det er særskilte omsyn som må takast i samband med ferdsel, eller du ikkje samtykker til ferdsel på innmark eller uttak av små mengder plantemateriale for identifisering, bes du kontakte Statsforvaltaren i Rogaland, ved Solbjørg Engen Torvik på e-postadressa solbjorg.torvik@statsforvalteren.no eller på telefonnummer 51 56 88 03 snarast.

image4i1s.png

Oversikt over områda som skal kartleggast i år; grøn = naturtypekartlegging, og lilla = basiskartlegging i verneområde. Begge desse oppdraga er i regi av Miljødirektoratet. I tillegg blir det kartlagt areal for andre aktørar som kan meldast inn fortløpande gjennom heile året.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.