Sakna reinhaldar er tilbake i Sokna
Den raudlista elvemuslingen finst framleis i Sokna. Kalkinga av vassdraget og at laksen no er tilbake, har redda elvemuslingen frå å døy ut.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Det er nyleg oppdaga at elvemuslingen framleis finst i elva Sokna i Sokndal kommune. I sommar var vasstanden så låg at det var mogleg å kartleggje større parti av elva. Dette gav gode resultat, og førebels er talet på elvemusling rekna å vere mellom 4-6000 individ.
Kalkinga har hatt god effekt
Alle muslingar som til no er funne, er ifølgje konsulent Kjell Sandaas, yngre enn då laksen kom tilbake som gytefisk i elva på starten av 90-talet. Det er nemleg slik at elvemuslingen er avhengig av laks eller aure som vertsart for å kunne fullføre sin reproduksjon. For elvemuslingen i Sokna er laksen vertsfisk, og då vassdraget vart utsett for forsuring forsvann fisken og med det muslingen sin vert. Kalkinga av vassdraget starta opp i 1989, så nokre vaksne individ av elvemusling må ha overlevd dei dårlege tilhøva fram til laksen kom tilbake.
Det er uklart om det har vore gode nok tilhøve for rekruttering hos elvemuslingen i Sokna dei seinare åra. Uansett er dette ei solskinshistorie og eit døme på at gode tiltak nyttar!
Kontaktpersoner
-
Annette Fosså
Tlf: 51 56 89 20
Dokumenter
Elvemusling
- Reinsar opptil 50 liter vatn i døgnet
- Kan bli 250-300 år
- Avhengig av laks eller aure for å kunne formeire seg
- 40 % av talet på elvemusling i Europa finst i Noreg
- Sårbar (VU) i Norsk raudliste for artar frå 2015
Kjelde: Handlingsplan for elvemusling