Lokal høyring forvaltningsplan for Linemyra
Forvaltningsplanen for Linemyra naturreservat i Time kommune er lagt ut for lokal høyring. Merknadar kan sendast fylkesmannen innan 29. april 2016.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Linemyra naturreservat vart oppretta i 1996 som ein del av våtmarksvernet i Rogaland. Myra er eit av dei viktigaste våtmarksområda på Jæren, og har internasjonal status som Ramsar-område. Ho fungerer som eit viktig hekkeområde spesielt for sporvefuglar, men også som trekk-, raste- og overvintringsområde for fugl. Linemyra har ein variert flora som er typisk for myrene på Jæren.
Fram til oktober 2013 har det på Linemyra vorte registrert 59 fugleartar. Reservatet er spesielt viktig for fuglar som held til på open myr. 13 av dei registrerte fugleartane er lista som trua. Også fleire av dei raudlista hekkefuglane har forsvunne frå området dei siste tiåra.
Vernereglar
For å sikra myra og naturverdiane der, finst det reglar som styrer kva som er lov og ikkje inne i naturreservatet. Forvaltningsplanen skal klarleggja korleis vernereglane skal tolkast, og seia kva som er lov og ikkje. Vidare skal planen avdekka truslar mot verneområdet, og skissera løysingar for å ta vare på verdiane i området.
Verneføremål
Formålet med vernet er å ta vare på eit våtmarksområde med naturleg tilhøyrande vegetasjon og dyreliv. Ho skal vera ei open låglandsmyr som er ein viktig hekkeplass for ulike vassfuglar.
Linemyra naturreservat er lite, om lag 59 daa, og grensa for reservatet går langs myrkanten. Framtida til myra avheng derfor i stor grad av korleis områda utanfor reservatet vert forvalta i tillegg til skjøtsel i reservatet.
Konkrete tilrådingar om skjøtsel
Det er lite oppdatert bakgrunnskunnskap om naturverdiane i Linemyra og planen viser behovet for at det bør settast i gang undersøkingar av plante- og dyreliv. Deretter må forvaltningsplanen gjennomgåast på nytt for å konkretisera eller korrigera bevaringsmåla.
Forvaltningsplanen kjem med konkrete tilrådingar til skjøtsel i verneområdet. Noko av det viktigaste å følgja opp, er at tre- og busk-vegetasjonen må haldast nede slik at myra får ha eit ope myrlandskap. I tillegg bør vasstanden hevast til nærare slik han var før dreneringa. Dette vil gi myra eit meir opphavleg preg og betra høva for våtmarksfugl, samstundes som det er med på å bremsa gjengroinga.
Forvaltningsmål
Eit overordna forvaltningsmål for Linemyra naturreservat er å ta vare på, eller auka det naturlege artsmangfaldet i reservatet, samt ta vare på eit typeområde innanfor Jæren våtmarkssystem.
Høyring
Merknadar til forvaltningsplanen kan sendast Fylkesmannen i Rogaland, pb. 59, 4001 Stavanger eller fmropost@fylkesmannen.no innan 29.april 2016. Sjå høyringsbrev og forvaltningsplan i dokumentlenkene til høgre.