Nå kan tre skogområde få varig vern
Gammal furuskog, rik edellauvskog og leveområde for trua artar. Statsforvaltaren tilrår no vern av tre skogområde i Rogaland – og verneforslaga har fått brei lokal støtte.
Tre skogområde i Sauda, Suldal og Sokndal har no kome eitt steg nærare vern. Områda inneheld verdifull skognatur og er viktige leveområde for sjeldne og trua artar.
Forslaga har fått brei støtte undervegs i prosessen.
– Det er gledeleg å sjå at verneforslaga har fått brei støtte. Mange peikar både på naturverdiane og på at frivillig skogvern gir gode prosessar med lite konflikt, seier seniorrådgjevar Solbjørg Engen Torvik.
Alle dei tre områda er melde inn gjennom ordninga med frivillig skogvern, der grunneigarane sjølve tilbyr areal for vern.
– Frivillig skogvern er ei ordning som fungerer svært godt. Grunneigarane tek sjølve initiativ til vern, og det gir gode prosessar med stor grad av lokal medverknad og tillit, seier Torvik.
Statsforvaltaren har no sendt si tilråding til Miljødirektoratet, som skal behandle saka vidare før eit endeleg vedtak blir gjort.
Lægdene i Sauda – ein skogperle ved Saudafjorden
Lægdene ligg i ei bratt liside på austsida av Saudafjorden og omfattar 554 dekar. Området har store verdiar knytte til gammal furuskog, rik edellauvskog og mange gamle styvingstre.
Her finst mellom anna trua artar som ask og alm, og skogen har mykje død ved, gamle tre og eit rikt mangfald av lav, mosar og fuglar. Området er vurdert å ha svært stor verneverdi.
– Lægdene er ein skogperle. Her finn vi både gammal naturskog, sjeldne naturtypar og artar som er avhengige av skog som har fått utvikle seg i fred over lang tid, seier Torvik.
Ho trekkjer særleg fram dei gamle lauvtrea langs fjorden.
– Dei gamle styvingstrea fortel ei historie om tidlegare bruk av landskapet, samstundes som dei i dag er viktige leveområde for mange artar. Det er ein naturarv som fortener å bli teken vare på, seier Torvik.
Vernet vil også styrkje det økologiske nettverket rundt Saudafjorden ved å knyte området tettare saman med eksisterande verneområde på andre sida av fjorden.
Dødved i Lægende, Foto: Per G. Ihlen
Baklåsjuvet i Suldal – verdifull edellauvskog ved Sandsfjorden
Baklåsjuvet omfattar 374 dekar og ligg på nordvestsida av Sandsfjorden. Området er dominert av rik edellauvskog med store eiketre, osp og andre lauvtre, i tillegg inngår også furu i øvre del.
Store delar av området består av den trua naturtypen lågurtedellauvskog, som er vurdert som sårbar på Norsk raudliste for naturtypar.
– Baklåsjuvet er eit svært godt døme på den rike edellauvskogen vi finn enkelte stader i Ryfylke. Denne typen skog er viktig å ta vare på fordi han husar eit stort mangfald av artar og naturverdiar, seier Torvik.
Sjølv om det førebels er registrert få raudlisteartar, vurderer fagfolka potensialet for fleire funn som stort.
– Slike skogar blir stadig sjeldnare. Derfor er det viktig å ta vare på dei områda som framleis har dei kvalitetane naturen treng for å halde på artsmangfaldet sitt, seier Torvik.
Området vil også styrkje samanhengen mellom verneområde langs Sandsfjorden.
Skog Baklåsjuvet, Foto: Solbjørg E. Torvik
Søre Rekedal i Sokndal – utvidar eksisterande vern
I Sokndal tilrår Statsforvaltaren å utvide dagens Rekedal naturreservat med 149 dekar. Samstundes blir delar av dagens reservat slått saman med utvidinga og får namnet Søre Rekedal naturreservat.
Området inneheld fleire sjeldne og trua skogtypar, mellom anna rik svartorsumpskog, lågurtedellauvskog og frisk rik edellauvskog. Kartleggingane viser også mange registreringar av trua og nær trua artar.
– Utvidinga gjer at vi får verna meir av naturen slik han faktisk heng saman. Det gir betre vilkår for både artane og naturtypane som finst her, seier Torvik.
Ho trekkjer fram artsmangfaldet som noko av det mest verdifulle ved området.
– Søre Rekedal er eit område med svært høge naturverdiar. Her finn vi fleire sjeldne naturtypar og ei rekkje trua artar samla på eit relativt lite areal. Det gjer området spesielt viktig i regional samanheng, seier Torvik.
Det utvida verneområdet vil også styrkje samanhengen med fleire andre naturreservat i Dalane.
Flora i Rekedal, Foto: Solbjørg E. Torvik, Statsforvalteren
Viktig bidrag til skogvernet
Skogvern er eitt av dei viktigaste verkemidla for å ta vare på naturmangfaldet i Noreg. Dei tre områda som no er tilrådde verna, omfattar til saman 1 077 dekar nytt verneareal.
– Skal vi stanse tapet av naturmangfald, må vi ta vare på dei mest verdifulle naturområda vi har. Desse tre områda er gode døme på skog som har verdiar langt utover eigedomsgrensene sine, seier Torvik.
Ho meiner frivillig skogvern er ei suksesshistorie innan naturforvaltning.
– Frivillig skogvern viser at naturvern ikkje treng vere ein kamp. Når grunneigarar, forvaltning og fagmiljø arbeider mot same mål, kan vi ta vare på viktige naturverdiar på ein måte som skaper tillit og gode løysingar, seier Torvik.
Fakta om verneforslaga
- Lægdene naturreservat i Sauda: 554 dekar
- Baklåsjuvet naturreservat i Suldal: 374 dekar
- Søre Rekedal naturreservat i Sokndal: utviding på 149 dekar
- Totalt nytt verneareal: 1 077 dekar
- Alle områda er melde inn gjennom ordninga med frivillig skogvern
- Tilrådinga er sendt til Miljødirektoratet for vidare behandling
Kontaktpersonar
Dokument