Erstatning for tap av bufe til freda rovdyr 2012
Søknadsfristen for tap til kongeørn, gaupe, jerv, bjørn og ulv er 1. november. Søknad bør sendast om elektronisk søknadssenter, men papirskjema kan også nyttast. Alle dokumenterte tap til rovvilt blir erstatta i tillegg til tap som mest sannsynleg skuldast rovvilt. Søknad skal sendast til fylkesmannen i heimfylket.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Staten gjev erstatning for tap av husdyr, jf. erstatningsforskrifta. Søknadsfristen for erstatning for husdyr drepe av freda rovvilt er 1. november. På rovviltportalen finn du eit elektronisk søknadssenter. Dette sikrar rask sakshandsaming, og søknaden er enkel å fylle ut. Hvis du ikkje tidligare har nytta det elektroniske søknadssenteret, må du registrere deg som søkar. Nedanfor finn du ei direkte lenke til elektronisk søknadssenter. Om du likevel vil nytte vanleg papirskjema til søknaden, kan vi senda deg skjema dersom du ber om det.
I tillegg til søknaden må søkjarar legge ved kart over beiteområde. Om det ikkje enkelt let seg gjere elektronisk som vedlegg, kan papirkart sendast til oss separat i posten. Hugs å oppgi namn og bustadkommune. Ta kontakt med viltforvalter dersom du treng hjelp til utfylling eller anna informasjon om erstatning for tap til rovvilt.
Statens naturoppsyn (SNO) sine rovviltkontaktar har ansvar for dokumentasjon av førekomst av rovvilt og kadaver der rovvilt kan vere dødsårsak. Liste over rovviltkontaktane i mellom anna Rogaland finn du på www.dirnat.no, under Statens naturoppsyn. Resultata av dokumentasjonen blir lagt ut på Rovbasen (sjå rovviltportalen). I 2012 er det dokumentert 5 tap av lam til kongeørn i kommunane Sauda, Lund, Eigersund og Tysvær og 2 til jerv i Suldal kommune 19. september.