Full fest for dei frivillige

25. oktober inviterer fylkesmann Magnhild Meltveit Kleppa til fest i Statens Hus i Stavanger. Det frivillige arbeidet har betydd mye for framveksten av demokratiet. Nå er det på tide å hylla organisasjonane, meiner Kleppa. Alle er velkomne!

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 14.10.2014

Denne hausten er arrangementet eitt av dei største i Rogaland i samband med grunnlovsjubileet. Her i fylket har stemmerettsjubileet og grunnlovsjubileet blitt koordinert av ein og same komité; administrert av fylkeskommunen og leia av fylkesmannen. Og det var Kleppa som fekk ideen til denne markeringa 25. oktober.

- Eg tenkte rett og slett at det var på tide å trekka fram det frivillige arbeidet i samband med grunnlovsjubileet. Det folkelege engasjementet gjennom dei frivillige organisasjonane er ei viktig årsak til at me har dei faglege, sosiale og demokratiske rettane som me har lett for å ta for gitt. Men me skal ikkje bare sjå oss tilbake. Den 25. oktober spør me også om status i dag og kva som skjer med frivillige arbeidet framover, seier Kleppa.

Mange av organisasjonane får vist seg fram under frivilligfesten i Statens Hus. I tillegg blir det inspirerande foredrag med blant andre Gunnar Roalkvam. Dei som vil får dessutan ei orientering om dei fylkeskommunale tilskotsordningane til frivillige organisasjonar. Det blir underhaldning for dei vaksne, leik og aktivitetar for ungane. Og sjølvsagt kan me lova sal av pølser, vaflar og kaffi. Som seg hør og bør eit arrangement i det frivilliges ånd, som faktisk blir eitt av dei siste store i ei lang rekke arrangement i samband med stemmeretts- og grunnlovsjubilea i 2013 og 2014.

- Eg er storleg imponert over alle dei arrangementa som bare har «dukka opp». Kommunar, skular, barnehagar, organisasjonar og institusjonar – det har verkeleg vore eit mangfald av høve til å setja seg meir inn i både historia til grunnlova og status i dag, seier Kleppa.

Dag: laurdag 25. oktober 2014

Tid: kl. 11.00-15.30.

Program

11.00: Opning.

11.15: Velkommen v/ fylkesmann Magnhild Meltveit Kleppa. Foredrag ved Gunnar Roalkvam: "Frivillig mangfald gjennom 200 år". Underhaldning.

12.00: Standane til organisasjonane opnar.

12.30: Foredrag. Hans Eirik Aarek: "Den synlege, frivillige kvekaren".

13.15: Foredrag. Kristin Fjelde Tjelle frå Misjonshøgskulen: "Misjonskvinnene".

(Det blir orientert om fylkeskommunale og statlege tilskotsordningar i tidsromma 12.00-12.30 og 13.45-14.30)

14.30: Musikalsk innslag. Intervju av organisasjonar. Ulf Ludvigsen, kultursjef i Klepp kommune: Kva skjer med det frivillige arbeidet? Tal og trendar. Utlodning på «inngangsbillett».

15.30: Takk for i dag v/Magnhild Meltveit Kleppa.

Konferansier: Tor Øyvind Skeiseid.

 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.