Fylkesmannen har gitt høringsuttale til kommuneplan for Sandnes 2019-2035
Sandnes kommune har lagt ned mykje godt arbeid i kommuneplanrulleringa, både når det gjeld samfunnsdel med ny strategi for by- og stadutvikling, vurdering av nye arealforslag og forenkling av planføresegner. Vår vurdering er at kommunen har nok arealreservar i godkjende område, og at fleire nye byggeområde er i konflikt med nasjonale og regionale interesser.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Planen er ambisiøs i den forstand at det er lagt ut store nye område til bustad og næring sjølv om kommunen og storbyområdet har store nok arealreservar for mange år framover. Dette utfordrar regionale og nasjonale viktige interesser som jordvern og behovet for fortetting og meir samordna lokalisering av bustader og arbeidsplassar.
Sandnes er ein stor hyttekommune
Sandnes er allereie Rogalands største hyttekommune. Med forslaget til ny kommuneplan vil kommunen satse enda meir på hytteutbygging og turisme. Dette er på mange måtar positivt, men ei rekke av dei konkrete forslaga er likevel i vesentleg strid med strandsonevernet og viktige friluftsverdiar.
Massetak ei utfordring
Fleire nye tiltak knytt til masseuttak og deponi er konfliktfylte når det gjeld naturverdiane i naturreservatene ved Grunningen og Kyllesvatnet.
Inviterer til dialog
Sjølv om me har ei rekke motsegner til utkast til kommuneplanen ser me fram til ein vidare dialog, med felles mål om endeleg vedteken kommuneplan i kommunestyret.
Fylkesmannen vil framheve at Sandnes er ein sentral kommune for vidare utvikling i regionen.
Les heile vår høyringsuttale her.