Settefylkesmann avslår dispensasjon til fullsortiments varehus for Biltema

Stavanger kommune gav først løyve til fullsortiments varehus med detaljhandel på Biltema på Forus, men Fylkesmannen i Rogaland klaga på kommunens vedtak fordi det er i strid med nasjonale føringar og regionale planar for etablering og lokalisering av detaljhandel. Fylkesmannen i Vestland er settefylkesmann i saka og har avslått søknaden i endeleg klagehandsaming.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 20.08.2020

Regionalplan, juridisk bindande kommuneplan og reguleringsplan opnar ikkje opp for detaljhandel på den aktuelle tomta. Etablering av fullsortiments varehus for Biltema på denne tomta har derfor vore avhengig av dispensasjon frå gjeldande regionale og kommunale planar. 

Lokalisering av detaljhandel i sentrum

Vekst i detaljhandel på Forus, vil flytte handel bort frå by og tettstadssentra der det er planlagt for vidareutvikling av handel. Detaljhandel på den aktuelle tomta vil kunne bidra til å svekke handelen i både Stavanger, Sola og Sandnes. Settefylkesmann støttar våre vurderingar og skriv at lokalisering av eit fullsortiments Biltema varehus er i klar motstrid med lokale føresegner om handel- og senterstruktur, og vil kunne bidra til å flytte handelen frå dei definerte senterområda som ligg inne i gjeldande lokale og regionale planar.

 

Bymiljøpakken og nullvekstmålet

Lokaliseringssaker på Forus må også sjåast i samanheng med nullvekstmålet knytt til personbiltrafikken i storbyområdet. Enkeltvedtak som bidrar til meir bilbruk og som utfordrar sentrumshandelen, er i konflikt med denne målsettinga om nullvekst. Den regionale Bymiljøpakken for Jæren er også nyleg signert og inneber store statlege økonomiske bidrag for å stimulere til ei berekraftig utvikling og vekst i regionen. Det er derfor viktig at arealplanar og vedtak i enkeltsaker også bygger opp under desse målsettingane.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.