Beredskapssamlinga i Eigersund
Nettverkssamlinga dette året for beredskaps- og informasjonsfolk i kommunane og frå andre regionale etatar var i Egersund 8. og 9. juni. Eigersund kommune er nominert til beredskapsprisen i år, og viste seg frå si mest solfylte og innbydande side på samlinga.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Tema på samlinga var mellom anna korleis dei arbeider med samfunnstryggleik, beredskap og kriseinformasjon i Eigersund kommune, lovfesta beredskapsplikt, erfaringar frå året som gjekk, ny portal i GIS og CIM - det nye krisestøtteverktøyet.
Her finn du innlegg og informasjon som blei gitt ut:
- Program
- Innlegget frå Njal Are Rosingaunet frå Teleplan om CIM og DSB-CIM
- Datablad om DSB CIM
- Samfunnstryggleik og beredskap i Eigersund kommune (Dag Kjetil Tonheim)
- Kriseinformasjon i Eigersund kommune (Leif E. Broch)
- Kommunal beredskapsplikt (Line Aspøy Berge)
- Krav til overordna kriseplan (Reidar Johnsen)
- Beredskap i Karmøy kommune knyta til den nye lova (Tor Inge Henriksen)
- Erfaringar frå pandemien (Reidar Johnsen)
- Klimatilpassing og fylkesROS (Grete Flåten)
- Skogbrannberedskap (Ivar Langvik)
- Den nye Temakart-portalen Spørsmål kan rettast til Tonje Fjermestad Aase
Når det gjeld CIM får alle kommunane eit passord og ein nettstad dei kan gå inn og øve seg på. Vi sender dette primært til beredskapskontaktane dersom vi ikkje har fått beskjed om noko anna tidlegare. Det er opp til beredskapskontaktane å opprette brukarar i kommunane. Vi vil kome tilbake med korleis vi organiserer arbeidet med opplæring i programmet etter kvart.
Plangrunnlaget for atomberedskap er ikkje heilt ferdig. Det blir sendt ut til alle kommunane når det er klart.
Kontaktpersoner
-
Grete Flåten
Tlf: 51 56 88 36